DOMMARSPESIAL: I denne utgåva av Radl om badl har programleiar Endre Romøren og sidekick Morten Sortland fått med seg to markante pipeblåsarar frå fylket i Tommy Skjerven og Torstein Kvam.

Snakkar ut om livet som domar, kjeftinga og den gongen han sende Bernt Hulsker i dusjen

Fotbal-lpodkasten Radl om badl er ute med ny episode, den 13. i rekkja.

Publisert 04.05.2018 kl. 14.00. Oppdatert kl. 12.50.

Denne gongen har programleiar Endre Romøren og sidekick Morten Sortland med seg to markante pipeblåsarar frå fylket i studio.


Den første gjesten har dømd flest kampar i eliteserien nokon gong. Han hadde ansvaret for cupfinalen i 2002, og var UEFA-dommar mellom 2001 og 2012. Tommy Skjerven er så stor at han også har ei eiga wikipedia-side på arabisk og russisk.


Den andre gjesten har òg litt av ein cv å visa til. Torstein Kvam har i ei årrekkje dømd både fotball og handball her i fylket, han er NFF-delegat og lev livet etter følgjande motto: Er du usikker, ver skråsikker.


I denne episoden snakkar Skjerven ut om den gongen han viste ut Bernt Hulsker i ein seriekamp mellom Start og Tromsø på Sør Arena i 2009, om videodøming og om å gå frå Champions League-kamp på Camp Nou til å døma 6. divisjonskamp på Veitastrond.


Du får også høyra historier frå Kvam om sitt første møte med Harald Aabrekk og andre markante trenarfigurar frå fylke. Han er også innom handballen i Jotun og om den gongen han bikka åtte prikkar på førarkortet.


Podkasten kan lastast ned og høyrast i iTunes og SoundCloud.