Bjørn Inge Utvik og Mathias Dyngeland er gjester i den sjuande episoden av podkasten Radl om badl.

- I Sogndal får du bot for bremsespor i toalettet

Sogndal-duoen Bjørn Inge Utvik og Mathias Dyngeland byr på mange latterkuler i den sjuande episoden av podkasten Radl om badl.

Publisert 04.08.2017 kl. 11.48. Oppdatert kl. 08.12.

Utvik og Dyngeland fortel elleville historier om livet som fotballspelar både på og utanfor bana.


Me får mellom anna høyra at botssjef Utvik deler ut bøter i fleng. I Sogndal Fotball må du nemleg bøta for kor mange centimeter med bremsespor du etterlèt i toalettet.


Me får òg høyra at ein av gjestene fekk ei saftig bot etter å ha gløymt att alt av utstyr i Sogndal før ein cupkamp i Valdres, og ikkje minst om ein passe flau episode på La Manga då Utvik og Dyngeland vart intervjua av Foreningen Les.


Her skulle mannlege og kvinnelege toppspelarar dela sine boktips og snakka om sitt forhold til fotball og lesing.


Utvik snakkar også om sin litt sære hobby og sitt forhold til flugefiske, og me har testa quiz-kunnskapane til duoen.


Podkasten kan lastast ned og høyrast i iTunes og i SoundCloud:



Siste saker Gå til framsida