Personvernerklæring

 

Denne personvernerklæringa omhandlar kva for personopplysningar som vert samla inn, lagra og korleis dei vert brukte når du inngår avtale om bruk av våre nettstader og digitale tenester. 

Personvernerklæringa gjeld ikkje tredjepart sine nettstader, og Sogn Avis tek ikkje ansvar for handsaming av personopplysningar på desse nettstadene. For abonnentar gjeld i tillegg Sogn Avis sine abonnementsvilkår.  

Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knyttast til ein enkeltperson. Handsaminga vår av personopplysningar skjer innanfor ramma av dei generelle reglane i den norske personopplysningslova med forskrift, samt øvrig relevant regelverk, som mellom anna marknadsføringslova og bokføringslova. 

 

Handsaminga sitt føremål og grunnlag 

Me handsamar personopplysningar for å administrera ditt kundeforhold, samt 

  • til ordrehandtering
  • til gjennomføring av betaling
  • til leveransar av våre tenester
  • for å levera naudsynt og avtalt service, og relevante produkt og tenester
  • for å svara på henvendingar frå deg
  • for å gjera deg merksam på endringar, og i øvrige samanhengar der me må vita kven me har kontakt med. 

 

Personopplysningane vert også nytta til å tilpassa, forbetra, og vidareutvikla våre redaksjonelle og kommersielle tenester, og for å gi ein auka verdi for den enkelte brukar, gje deg relevant informasjon og anbefalingar, samt sørga for at du får tilgang til relevant informasjon, og tilpassa marknadsføring. Me nyttar personopplysningane berre til formål som du anten har inngått avtale om, som du har valgt å gje ditt samtykke til, og for å levera deg avtalte tenester, eller som naudsynt for å ivareta ei anna legitim interesse der ditt behov for personvern blir ivareteke. 

 

 

Opplysningane me handsamar

 

Me samlar inn opplysningar frå ulike kjelder for å oppfylla dei formåla som er skildra ovanfor. Kjeldene kan delast inn i tre hovedkategoriar: 

  • opplysningar du gir oss
  • opplysningar me registrerer om deg når du nyttar våre tenester
  • opplysningar innhenta frå tredjepartar 

Før me gir ei nærare skildring av kva personopplysningar som vert henta frå dei ulike kjeldene, vil me gjera deg merksam på eit viktig forhold som angår deg som digital brukar av Sogn Avis:  Når du loggar inn med din digitale brukar vil du forbli pålogga dersom du ikkje aktivt vel å logga deg av. Dette har me gjort av hensyn til brukaropplevinga, slik at du skal sleppa å skriva inn brukarnavn og passord kvar gong du går inn på våre nettsider.  Du kan til ei kvar tid sjå om du er innlogga i menylinja oppe til høgre, der står det ein knapp for "logg ut" hvis du er innlogga. 

 

Opplysningar du gir oss: 

Dersom du vel å bli digital brukar av Sogn Avis, gir du oss opplysningar om: 

  • navnet ditt
  • di e-postadresse
  • ditt telefonnummer
  • adressa di

 

 Opplysningar me hentar når du nyttar våre tenester: 

Me hentar informasjon om din bruk av våre tenester, og vil analysera og bruka desse opplysningane for å utvikla nye og betre tenester i tråd med dei behov og brukarmønster våre kundar har, samt for å forbetra redaksjonelt og kommersielt innhald. 

Informasjon me hentar kan vera opplysningar om din einheit og internettforbindelse, t.d operativsystem, nettlesarversjon, ip-adresser, informasjonskapslar (cookies) og identifikator frå din nettlesar. Denne type informasjon er nyttig for å betre kunne tilpassa tenestene våre til den einheiten du nyttar og dermed gi deg ei betre brukaroppleving.  Når du er innlogga kan opplysningar om brukaråtferden din bli knytt til det me har registrert om deg som digital brukar, og på denne måten gi deg redaksjonelle og marknadsmessige anbefalingar som me trur kan vere interessante for deg. Geografisk plassering blir omtrentleg berekna når du besøker nettsida vår, på bakgrunn av IP-adressa du nyttar. Det kan brukast for å gi deg redaksjonelt og kommersielt innhald som er særleg relevant for deg ut ifrå di geografiske plassering.  

For å kunne tilpassa redaksjonelt og kommersielt innhald til dine preferansar, supplerer me informasjonen me sjølv sit på med informasjon frå tredjepartar. Dette vil vera generell informasjon som knyt deg til ei gruppe med liknande kjenneteikn eller åtferd eksempelvis basert på antakelsar om kvar du bur, type utdanning eller informasjon frå ein annonsør om kva som skjedde etter at du klikka på ei annonse på vår nettside. 

 

 

Deling av informasjon 

I nokre tilfeller deler me delvist anonymiserte opplysningar me har samla inn med våre samarbeidspartnarar og teknologileverandørar for å kunne tilpassa innhald og reklame til deg. Me deler ikkje direkte identifiserande kjenneteikn. Me inngår avtalar for å sikra at våre partnerar handsamar opplysningane i samsvar med denne Personvernerklæringa og krava i gjeldande personvernlovgiving.  Viss personopplysningane vert overført til mottakarar i eit land utanfor EU/EØS, inngår me avtalar og tek dei nødvendige førehaldsreglane i samsvar med lovmessige krav. Dine opplysningar vil også kunne bli utlevert i lovpålagte tilfelle, som ledd i betalingsinnkrevjing (inkasso), rekneskapshandsaming, eller som følgje av pålegg frå relevant offentleg myndigheit.  

 

Deling av informasjon på sosiale medier

Du kan dela informasjon frå vår nettstad på sosiale medier, f.eks Facebook, LinkedIn og Twitter, ved hjelp av f.eks ein "Liker"-knapp.  Dersom du vel å dela informasjon på denne måten, vil nettlesaren din overføra data og personopplysningar om deg til det sosiale mediet. Det same vil også gjelda dersom du besøker våre sider som innlogga i eit sosialt nettverk.  Opplysningar det sosiale mediet då kan få om deg kan gjelde: 

  • Dato og tidspunkt for ditt besøk
  • Internettadressa eller URL 
  • IP-adressa di
  • Nettlesaren du nyttar
  • Operativsystemet du nyttar 

Sogn Avis har ingen kontroll med eller ansvar for korleis sosiale medier nyttar personopplysningane dei samlar inn om deg. Me viser deg derfor til dei vilkåra og betingelsane som gjeld for det aktuelle sosiale mediet. Du kan hindra sosiale media i innstillingane for nettlesaren din. Derom du vil unngå at sosiale medier registrerer di åtferd må du logga ut av det sosiale mediet. 

 

Sikkerheit

Me arbeider kontinuerleg saman med våre leverandørar for å ivareta personvernet til kundane våre. Sogn Avis skal sørga for at opplysningar som er innsamla ikkje blir brukte i strid med føremålet dei er innsamla for, og dei avtalar og brukarvilkår som til einkvar tid ligg føre.  Alle betalingstransaksjonar blir utført av tredjepartsleverandør, og blir krypterte med teknologi som held industristandard. Det er viktig at du held passordet som gir tilgang til kontoen din hjå oss hemmeleg, og  at du og beskyttar mobiltelefon, PC og nettbrett med passord eller liknande. Dette er ditt ansvar. 

 

Lagring og sletting

Me tek vare på personopplysningane så lenge du har eit aktivt abonnement, eller så lenge opplysningane er naudsynte for å oppfylle føremåla i denne personernerklæringa. Når personopplysningane dine ikkje er relevante for føremåla dei vart henta inn for, vil me sletta eller anonymisera dei, inkludert alle loggar og anna backup-informasjon. Du kan også, når som helst, be om at me anten rettar eller slettar personopplysningane i samsvar med våre rettslege plikter. 

Dersom du vel å avslutta abonnementet ditt, blir dette liggande inaktivt i 60 mnd før det blir sletta eller opplysningane blir anonymiserte. Dette av sikkerheitsmessige og rekneskapsmessige grunnar.  Me tek vare på opplysningar du sjølv har gitt oss, i tillegg til innloggingshistorikken, for å kunne granska og hindra svindel og misbruk. Me kan sperre ditt abonnement om me har grunn til å mistenkja bedrageri eller brot på avtalevilkåra. 

 

Dine rettar

Etter personopplysninngslova sine reglar har du rett til innsyn i eigne personopplysningar. Dersom opplysningane me har om deg er feil, kan du krevja å få opplysningane retta, supplert eller sletta. Enkelte opplysningar kan du sjølv korrigera ved å logge inn på "Mi Side" på sognavis.no Registrerte kundar kan retta henvendingar om handsaming av personopplysningar til Sogn Avis sitt kundesenter, på kundesenter@sognavis.no . For å sikra at personopplysningar blir utlevert til rett person, kan me stilla krav om at begjæring om innsyn skjer skriftleg, og at identitet kan verifiserast. I henhold til personopplysningslova §28 skal opplysningar som ikkje lenger er naudsynte utifrå det føremålet dei er lagra for, slettast. Me lagrar personopplysningar i samsvar med det til einkvar tid gjeldande lovverket. .  

 

Endringar

Me beheld retten til å gjera endringar i Personvernerklæringa. Den til ein kvar tid oppdaterte versjonen vil vere tilgjengeleg på www.sognavis.no.  

Sist revidert 25.05.2018