LEITAR ETTER DRIVARAR: Peppes Pizza og administrerande direktør Espen Hoff ønkjer å etablera seg i Sogndal. (Pressefoto)

Peppes Pizza smakar på satsing i Sogndal

Peppes Pizza har ambisjonar om å opna 50 nye take away-restaurantar i løpet av dei neste tre åra. Sogndal er ein av stadane dei ønskjer å etablera seg.

Publisert 22.02.2018 kl. 11.04.

Det opplyser Peppes Pizza i ei pressemelding. Peppes vart etablert i 1970 og har i dag 76 restaurantar i Norge. I løpet av dei siste åra har kampen om pizzakundane tilspissa seg, og no varslar Peppes ein etableringsoffensiv. Pizza-kjeda skriv at det som er mest avgjerende for etableringstakten er om dei klarer å finna dei eigna drivarane, og no startar leitinga i Sogndal.


- Pizzakrigen handlar ikkje berre om tal utsalsstader, men i like stor grad om å finna dei rette drivarane. Nøkkelen til suksess ligg i vårt velprøvde franchisekonsept, og å samarbeida tett med franchisetakarane for å sikra balanse mellom vekst og lønsemd, seier Espen Hoff, administrerande direktør i Peppes Pizza.


Lokal tilpassing

Peppes skriv i pressemeldinga at dei tok nokre grep i siste halvår av 2017 som har gitt gode resultat, og at veksten har vore spesielt stor dei siste 3-4 månadene. For å halda fram veksten ønskjer pizzakjeda å satsa endå meir på take away-utsal i kombinasjon med restaurantdrift, og utsalsstadane skal tilpassast den lokale marknaden.