Oppmodar til kjettingbruk på fjellovergang

Publisert 25.10.2017 kl. 07.03. Oppdatert kl. 08.06.

Store køyretøy som skal køyra riksveg 52 over Hemsedalsfjelet bør leggja på kjetting, oppmodar Statens vegvesen. Onsdag morgon er det snø- og isdekke, minus 2 grader, svak vind og opphaldsvêr på fjellovergangen. 


På riksveg 13 over Vikafjellet er det stirt sett bart, men fare for glatte parti. På fylkesveg 50 Aurland-Hol, og fv. 53 Årdal-Tyin, er det svak vind og lette snøbyger tysdag morgon.


Fylkesveg 55 over Sognefjellet har vore stengt grunna uvêr sidan tysdag føremiddag. Denne fjellovergangen vart opna att klokka 08.00 onsdag morgon.


Siste saker Gå til framsida