Vêret vekslar fort på Hemsedalsfjellet. Tidlegare i dag var det kolonne, no er det fri ferdsel enn så lenge. (webkamera på Bjøberg: Statens vegvesen)

Oppmodar til å venta med å reisa

- Kom deg heim tidleg i dag, eller vent med å reisa. Det er rådet frå trafikkoperatør Roger Nedberge Hille på vegtrafikksentralen i Lærdal.

Publisert 26.12.2017 kl. 13.20.

Skiftar fort

Veret skiftar fort på fjellovergongane, og medan det har vore kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet, er der no fri ferdsel. Men Hille seier dette snur fort.


- Akkurat no kan folk køyra Hemsedalsfjellet, me opna der for fri ferdsel. Men dette snur fort.


Han seier dei får mange telefonar frå folk som lurer på om dei kjem seg fram i dag.


- Me anbefalar Filefjell. Det er den einaste fjellovergongen som har fri ferdsel heile tida.


Meldt dårlegare

Det er meldt dårlegare ver til kvelden og natt til onsdag. Så oppmodinga frå vegmeldingssentralen er å reisa tidleg tysdag, eller venta til neste dag.


- Eg ser det er fulle ferjer, og mykje folk på farten. Så nokon har teke rådet vårt om å koma seg tidleg avstad, seier trafikkoperatør Roger Nedberge Hille. 


Førebels går ferjene i Sogn som normalt, men det er mykje vind enkelte stadar, så dette kan endra seg.


- Ferjene går så lenge dei kan for vinden. Men folk får følgja med.


Greitt i låglandet

Køyretilhøva i låglandet vekslar mellom bart og snøføre. Nokre stadar er det mykje slaps.


- Det er der dei saltar, då vert det litt sørpe før dei får brøyta det vekk. Me prøvar å løysa opp solen. Men uansett må folk tilpassa farten etter forholda. Det gjeld overalt.


 


Kolonnekøyring

Det er dårleg sikt nokre stadar på riksveg 52 Hemsedalsfjellet, men førebels fri ferdsel. Her kan det verta kolonnekøyring på kort varsel.


Riksveg 13 Vikafjellet og fylkesveg 50 Hol- Aurland har begge kolonnekøyring på grunn av uvær.


Fylkesveg 53 Tyin- Årdal er stengt. 


 


Siste saker Gå til framsida