VINTERVÊR: Det er stabilee tilhøve på fjellovergangane i Sogn måndag morgon. Som til dømes på Vikafjellet (biletet) (Foto: Gunnar Kleven)

Opphaldsvêr og bra føre på fjellovergangane

Det er stabile vêr- og føreforhold på fjellovergangane i Sogn måndag morgon.

Publisert 06.11.2017 kl. 06.15. Oppdatert kl. 06.27.

Slik er meldingane frå Statens vegvesen tidleg måndag morgon:


E16 Filefjell


Vekslande bart og isdekke. Klokken 05:35 var det mius 4 grader, lett bris og opphaldsvêr.


Riksveg 13 Vikafjellet


Snø- og isdekke. Klokka 06:00 var det minus 2 grader, stille og opphaldsvêr.


Riksveg 52 Hemsedalsfjellet


Vekslande bart og snødekke. Klokka 05:45 var det minus 3 grader, frisk bris og klart.


Fylkesveg 50 Hol - Aurland


Vekslande snø- og isdekke. Klokka 05:43 var det minus3 grad, lett bris og opphaldsvêr.


Fylkesveg 53 Tyin - Årdal


Snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det minus 4 grader, svak vind og klart.


Fylkesveg 55 Sognefjellet


Nattestengt fram til klokka 08.00 måndag morgon.


Siste saker Gå til framsida