SIKRING: Det blir rassikring ved Finnsåstunnelen på fylkesveg 53 enno nokre dagar.

Opnar og stenger att like etter

Fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen er venta opna att klokka 09.00 måndag morgon.

Publisert 29.01.2018 kl. 06.23.

Eit kvarter seinare, stengjer vegen att på grunn av framleis arbeid med rassikring. Vegen blir då stengd fram til klokka 12.00 før den opnar med jamne mellomrom fram til klokka 16.00.


Arbeidet held fram til 1. februar.


Elles er riksveg 13 over Vikafjellet framleis stengd på grunn av snøras og fare for nye ras. Her blir det teke ei ny vurdering klokka 15.00 måndag.


Dei andre fjellovergangane ut og inn av Sogn er opne for dri ferdsel. Men det kan vera stedvis redusert sikt.