Ein buss har køyrt i fjellveggen på Fv. 53 i Årdal mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. (Foto: Tipsar)

Omkom i busskrasj

Sjåføren av bussen som køyrde i fjellveggen på fylkesveg 53 ved Reusnes mellom Øvre Årdal og Årdalstangen, døydde i ulukka.

Publisert 14.06.2018 kl. 16.43. Oppdatert kl. 19.25.

Den omkomne er ein 61 år gamal mann frå Sogn, opplyser politiet i ei pressemelding.

Han vart erklært død på staden.

Dei pårørande er varsla, og denne pressemeldinga er sendt ut i samråd med dei,  skriv Lars Geitle, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
    
Ulukka skjedde ved rausnessvingane, om lag to kilometer frå Øvre Årdal.

 


Åleine i bussen

Det var berre førar i bussen, og ingen passasjerar.


Jarle Bugge, driftssjef i Norway bussekspress, fortel til Sogn Avis at det ikkje var passasjerar i bussen då ulukka skjedde.


- Elles er detaljane kring ulukka framleis uklare. Eg kan såleis ikkje seia noko meir på noverande tidspunkt, sa Bugge like etter ulukka.


Operasjonssentralen i Vest politidistrikt opplyser at årsaka til ulukka førebels er ukjent. Politiet er på staden.


- Ein ventar no på ein tung bergingsbil. Dette kan ta noko tid, men det kan godt henda at det blir opna for trafikk forbi staden snart, seier vakthavande operasjonsleiar. 


Politiet melde om hendinga klokka 16.15. 


 


Les meir om: Nyhende Årdal

Siste saker Gå til framsida