MEIR SNØ: Låge temperaturar og snø gjer at det truleg blir gode moglegheiter for skitur. Her frå Saurdalen i Balestrand onsdag. (Foto: Gunn Linde)

Nyttårshelga byr på snø og minusgrader

Nedbøren kjem som snø fredag, deretter blir det overskya, minusgrader og kanskje litt blå himmel innimellom.

Publisert 28.12.2017 kl. 18.00.

- Nyttårshelga er det meldt ok pluss vêr, seier Gunnar Livik, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.


Etter ei ruskete julehelg kan meteorologisk institutt koma med varsel om ein meir stabilt og kaldt vêr ved inngangen til nyttårshelga.


Snøbyger

I morgon, fredag, er det meldt temperaturar rundt null og snøbyger.
- Laurdag blir det også enkelte snøbyger på dagen, så lettar det og vinden snur til søraustleg. Det blir stort sett opphaldsvêr og skya og delvis skya laurdag, seier Gunnar Livik, vakthavande meteorolog ved vêrvarslinga på Vestlandet.
Han fortel at Sogn og Fjordane også kan få blå himmel laurdag.
- Søndag held det seg delvis skya og skya, det blir litt austavind og opphaldsvêr, det ser ut til å bli ei grei nyttårsaftan for heile Sogn og Fjordane.


Minusgrader

Vêret held seg kaldt også måndag.
- Temperaturane blir på minussida alle dagane i nyttårshelga. Mest nedbør får me i morgon, fredag, seier meteorologen.

Julehelga og starten av romjula baud på mange stengde fjellovergangar og krevjande køyreforhold. For dei som skal ut på vegane til helga, blir det truleg mykje greiare å forflytta seg mellom Austlandet og Vestlandet.
- Det er ikkje meldt særleg vind, seier meteorologen.

Sjå også: Oppdaterte vegmeldingar frå Statens vegvesen
              Snøskredvarsel på varsom.no