ASFALTERING: Det er asfaltarbeid fleire stader i Sogn. He frå fylkesveg 53.

Nytt dekke fleire stader

Folk må rekna med litt ventetid på grunn av sfaltarbeid fleire stader i Sogn denne veka.

Publisert 12.06.2018 kl. 06.17.

På fylkesveg 53 i Øvre Årdal byrja arbeidet mådag kveld og vil halda fram i dag. Her er det sett opp ledebil.


På E16 ved Håbakken vil det bli asfaltarbeid onsdag kveld og torsdag kveld frå klokka 21.00 til 06.00. Folk må rekna med ei ventetid på 20 minuttar.


På fylkesveg 50 i Vassbygdtunnelen vart det starta vedlikehaldsarbeid måndag. Dette arbeidet held fram til fredag.


Natt til onsdag vil det også vera vedlikehaldsarbeid på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Holsbru.


Det er også vedlikehaldsarbeid på strekninga Skjolden-Gaupne fram til torsdag. Her kan det bli ventetid på inntil ein time.


Fylkesveg 303, Seimsdalstunnelen, kan bli stengd i periodar på inntil 20 minuttar på grunn av vedlikehaldsarbeid onsdag føremiddag..


 


Siste saker Gå til framsida