FEST: Frode Alnæs var i festhumør. Det var også janitsjaren, kompet og vokalistane Monica Hjelle, Frida Tryti Hunshammer, Steinar Fodnes, Laila Asperheim og Thea Moen Trollebø.

Nyårskonsert med Alnæs i storform

- Dette var fantastisk moro, konstaterte Frode Alnæs etter hovudrolla som både konferansier, vokalist og gitarist under nyårskonserten i Årdal kulturhus laurdag.

Publisert 22.01.2017 kl. 22.14.

Sjølv bidrog den eminente gitaristen sterkt til moroa og knytte saman det sterke programmet på ein suveren måte.
- Det blir ein fantastisk konsert med mange store overraskingar, sjølv om den største no er komen, som han sa idet han entra scena.


Komp

Det var Øvre Årdal janitsjarkorps som hadde invitert til fest i samband med korpset sitt 70-årsjubileum. I tillegg til Alnæs, hadde dei med seg eit sterkt knippe lokale vokalistar og ikkje minst eit komp med trommis Per Hillestad i spissen.
- Min favoritttrommis, sa Alnæs.


I kø

Høgdepunkta stod elles i kø denne kvelden. Laila Asperheim hadde ein veldig sterk versjon av Chick Koreas´ «Spain», Monica Hjelle og Sigyn Øren si framføring av Tom Waits` «Broken Bicycles», var eit anna av mange høgdepunkt. Alnæs nemnde elles Monica Hjelle i same andedrag som Amy Winehouse og Aretha Franklin, ein rimeleg bra attest. Alnæs og Hjelle hadde også ein herleg duett med «How do I love thee».


Full klaff

Alnæs var sjølv også veldig nøgd med kvelden.
- Eg køyrde frå Oslo og rett på øving med korpset og solistane og må seia at det var full klaff med ein gong. Det var ei veldig musikkglede og speleglede i denne gjengen. I tillegg let det veldig bra, det er ikkje alltid det gjer det i slike opplegg. Programmet hadde dei også sett saman på ein uvanleg, men god måte.

Les større omtale frå konserten i papirutgåva tysdag.


Siste saker Gå til framsida