Vil styrkja attraksjonskrafta

Prosjektleiar Helene Maristuen i berekraftig reiselivsutvikling i Lærdal vil styrkja attraksjonskrafta til reiselivet i Sogn.

VIL DELA ERFARINGAR: Helene Maristuen er prosjektleiar i berekraftig reiselivsutvikling i Lærdal.

VIL DELA ERFARINGAR: Helene Maristuen er prosjektleiar i berekraftig reiselivsutvikling i Lærdal. (Foto: )

DEL

– Me vil ha fram den ekte historia og kulturarven, samstundes som ein ser framover, seier Maristuen.

Fleire perler

Ho forklarar at berekraftprosjektet i Lærdal har seks turist­perler å syna fram som eit resultat av pilotprosjektet dei byrja på i 2010, og målet er å få på plass endå tre perler til neste år.

– Me sette eit mål om å skapa tre turistperler kvart år i prosjektet som har ei tidsramme på tre og eit halvt år. Men me jobbar også med miljøsertifiseringar, merking av turstigar, kongevegprosjektet og kompetanseheving til dømes. I tillegg satsar me på informasjon og marknadsføring av berekraftig reiseliv ved å halda presentasjonar og liknande.

– Det nyaste me jobbar med er destinasjonsertifisering i regi av IN der målet er at alle dei fire pilotkommunane skal bli sertifiserte innan utgangen av året, seier den engasjerte prosjektleiaren. No vil ho dela erfaringa frå berekraft­prosjektet med resten av Sogn.

Dela erfaringar

– Me må få fram kva kjenneteikn dei ulike distrikta har å tilby. Ein kunne ha gjort mykje artig. Berre sjå på Årdal til dømes. Tenk kor mykje ein kan gjera med Jotunheimen og industrien der. Alt ligg til rette som til dømes eit industrimuseum, guida turar og mykje meir.

Les meir i papirutgåva eller på e-avisa.

Artikkeltags