Utelukkar ikkje kopling

Politiet i Årdal utelukkar ikkje at det er ei kopling mellom dei grove tjuveria på Årdal Mote og Tangen Sport.

Butikkeigar Ken Torvanger forklarar politifyrstebetjent Helge Øvstetun kva tjuvane har fått med seg av varer frå butikken.

Butikkeigar Ken Torvanger forklarar politifyrstebetjent Helge Øvstetun kva tjuvane har fått med seg av varer frå butikken. (Foto: )

DEL

Tjuveriet på Årdal Mote er det tredje i Årdal i sommar, og ved første augekast er det store likskapar mellom innbrotet på klesbutikken og innbrotet på Tangen Sport førre månad.

LES OGSÅ: Nytt innbrot i Årdal

LES OGSÅ: Innbrot på Tangen sport

Også då tok tjuvane seg inn ved å bora seg gjennom døra, og dei var svært selektive i det dei tok med seg.

– Modusen er den same, og me kan berre tenkja vårt. Det me ser her og no er at dette er eit selektivt grovt tjuveri, men det er for tidleg å seia noko meir enn det, seier politifyrstebetjent Helge Øvstetun til Sogn Avis.

Ingen gjennombrot

Innbrotet er som kjend det tredje innbrotet i Årdal i sommar og det fjerde i 2012. Politiet har ikkje gjort noko gjennombrot i nokon av desse sakene.

– Me har desverre ikkje registrert gjennombrot på desse. Det kan vera ei trend i Årdal for tida. Der det er lettvint å koma seg til - der får ein besøk, seier Øvstetun.

– Det set ein støkk i butikkeigarane, og det er trist at ein ikkje får driva lovleg verksemd utan at slikt skjer, legg han til.

Leitar etter DNA

I likskap med eigarane trur Øvstetun tjuvane har vore i butikken og orientert seg på førehand.

– Eg trur dei har vore innom og i ei viss form fått ei orientering om kva butikken har å tilby og for å sjekka alarmar og liknande, seier han.

Politiet vil no etterforska saka vidare og gjera kriminaltekniske undersøkingar.

– Me tek med oss kassar og liknande tjuvane kan ha vore borti for å sjå etter fingeravtrykk og sikra moglege DNA-spor, seier Øvstetun.

Politiet ønskjer tips på telefon 02 800.

LES OGSÅ: Frekke tjuvar raida klubbhus

LES OGSÅ: Grovt tjuveri på Prix

Artikkeltags