Ulukke på fjellet

Kvinne i 40-åra til sjukehus.

DEL

Politiet fekk like etter klokka 22.00 fredag kveld melding om ei trafikkulukke på Vikafjellet, om lag fire kilometer nordaust frå fylkesgrensa. Ein bil hadde velta og låg delvis ut i vegbana.

Føraren, ei kvinne i 40-åra vart skadd og er teken hand om av helsepersonell.

Det er fri ferdsel på staden.

Artikkeltags