Til sjukehus etter ulukke

Ei kvinne i 70-åra er sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse etter at ho køyrde av vegen.

DEL

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka halv tolv i dag. Den skjedde like ved eitt av rasoverbygga på rv 5 i Kjøsnesfjorden.

Personbilen som var på veg mot Skei køyrde av riksvegen og hamna på taket i grøfta. Føraren, ei kvinne i 70-åra, vart sendt til sjukehus med luftambulansen. I følgje politiet er skadeomfanget ukjent.

Vegen er open for fri ferdsel.

Artikkeltags