Til legesjekk etter fall

Fall frå mur i sentrum av Sogndal.

Arkivfoto

Arkivfoto

DEL

Rett over klokka 03 natt til laurdag fekk politiet melding om ein rusa ungdom som hadde falle i sentrum av Sogndal.

– Personen hadde falle utfor ein om lag ein meter høg mur. Vedkommande vart køyrd til lege for kontroll, og køyrd heim til bustad etter endt legebesøk, opplyser politiet.

Nokre minuttar tidlegare tok politiet hand om ein annan rusa person i Sogndal sentrum. Han fekk politiskyss heim til bustaden sin.

Artikkeltags