Svartmålar ikkje situasjonen

Underleverandørane til Hydro merker godt at det er mindre oppdrag i bygda. Løysinga er å sjå ut av Årdal.

SER FRAMOVER: John Rune Fredsvik, dagleg leiar i HMR Årdal, ser lyst på framtida. -Me jobbar med å gjera oss meir uavhengige av Hydro og har mykje å gjera i haust, seier han.

SER FRAMOVER: John Rune Fredsvik, dagleg leiar i HMR Årdal, ser lyst på framtida. -Me jobbar med å gjera oss meir uavhengige av Hydro og har mykje å gjera i haust, seier han.

DEL

Dersom Hydro-leiinga vel å leggja ned PFA-støyperiet med 60 arbeidsplassar, kan det også få følgjer for underleverandørane HMR Hydeq, HMR Årdal og BIS. Dei har lagt bak seg nokre tøffe år, men ingen av dei svartmålar situasjonen.

Kamp om oppdraga

HMR Hydeq leverer og utviklar utstyr for Hydro og har sidan 2008 måtta redusera bemanninga frå 70 til 50 personar. Dagleg leiar Anders Seim Jr. legg ikkje skjul på at det er tøffe tider i Årdal.

– Det er låg aktivitet, og det er kamp om oppdraga. Hydro har teke vedlikehaldsarbeidet til eit minimum, og det har me forståing for. Men det gjev store utfordringar for oss med tanke på halda på bemanning og kompetanse, seier Seim.

Trur på investering

Seim meiner det er vanskeleg å seia noko om konsekvensane eventuelle kutt på Hydro vil få for verksemda.

– Men ei nedlegging vil bety endå meir arbeidskraft å ta hand om i ein marknad med mindre oppdrag, seier han.

Han er likevel optimist med tanke på framtida.

– Me har ingen permitterte og har klart å skaffa oss oppdrag utanfor bygda. Det trur eg blir viktig i åra framover, seier han

Fredsvik har trua

Han har stor tru på at verksemda går ein hektisk haust i møte. Først og fremst fordi HMR Årdal er del av eit større konsern og får oppdrag utanfor bygda gjennom det.

– Eventuelle kutt på Hydro treng ikkje få konsekvensar for oss. Me jobbar for å gjera oss meir uavhengige av Hydro, og slik det ser ut no har me mykje å gjera framover. Me har vore gjennom tøffe tider i Årdal før, men me har kome oss gjennom det. Det trur eg me gjera denne gongen og, seier Fredsvik.

BIS ser ut

Underleverandøren BIS Production Partner har heller ingen permitterte per dags dato.

– Men det er ingen løyndom at leverandørindustrien rundt Hydro har hatt krevjande tider over lang tid, seier avdelingsleiar i Årdal, Kjell Nesse.

Les meir i papirutgåva torsdag eller e-avisa.

Les også: - Hesjar hydro

Artikkeltags