Sprang seg til ungdomsgull

Kristiane Sekkingstad Terum (12) tok i helga gull i Verdensunggdomsspelen

Nøgd jente på Nya Ullevi

Nøgd jente på Nya Ullevi (Foto: )

DEL

Den unge aurlendingen deltok frå laurdag til måndag på Verdensungdomsspelen i Gøteborg. På tida 27.90 sprang ho seg til gullmedalje på favorittdistansen 200 meter.

Einaste nordmann

Sekkingstad Terum var einaste norske jente i det beste heatet, og møtte sterk konkurranse frå svenske og danske friidrettsjenter.

– Kristiane deltok også på 80 meter, og blei nummer fire i A-finalen med personleg rekord på 11.34. I tillegg blei det 4. plass på 600 meter den siste dagen, fortel Olav Terum.

Storstemnet på Nya Ullevi samla over 3000 deltakarar fordelt på 12 ulike nasjonar.

Artikkeltags