Skadd i fallulukke

Mann (31) frakta til Haukeland universitetssjukehus.

Personen skal ha falle utfor fjellet like ved Supphellebreen i Fjærland.

Personen skal ha falle utfor fjellet like ved Supphellebreen i Fjærland. (Foto: )

DEL

Klokka 20.43 søndag kveld fekk AMK Førde melding om ei fallulukke på Jostedalsbreen.

– Me fekk beskjed om at en person hadde ramla 30–40 meter utfor fjellet ved Jostedalsbreen, seier Øyvind Dahle, dagleg leiar ved AMK Førde til bt.no.

NRK skriv på sine nettsider at ulukka skal ha skjedd då eit følgje dreiv med sokalla "speedrider", ei form for fallskjermhopp. Ein person frå gruppa skal ha meldt om ulukka, og luftambulanse blei send til staden. Det skal ha vore fine vêrforhold i området.

Mannen blei måndag utskrive frå Haukeland universitetssjukehus.

Artikkeltags