Seks meter høge brøytekantar

Av

VIK: Siste nedbørsperioden har gitt kolossale snømengder på Vikafjellet.

DEL

Distriktssjef Nils Magne Slinde i Statens Vegvesen fekk på synfaring denne veka sjå at snøen er djup på Vikafjellet med brøytekantar opp mot seks meter.

I bilen hadde han med seg seksjonsleiar Eivind Yttri og byggjeleiar Terje A. Kveane.

– Me vil skaffa oss ein oversikt over kor mykje som har kome i løpet av den stengte perioden som har strekt seg over godt og vel to veker.

– I denne perioden har brøytemannskapet jobba seg gjennom høgfjellsovergangen, men den har ikkje vore open for trafikk, seier Yttri.

Terje Kveane konstaterer at det er store mengder snø som har vokse undervegs i den strie bolken med nedbørsmengder over normalen.

– Spesielt Hordaland-sida er det veldig mykje snø, men det er også tungt innover langs Skjelingenvatnet, men me ser også at partia Fosse, Hestavollen og ikkje minst Ygningsdalen har fått godt med snø siste vekene, seier Kveane.

Entreprenør Einar Stokkebø karakteriserer snøforholda slik:

– Det er mykje snø for årsbelet, spesielt Ygningsdalen og innover mot fylkesgrensa har like mykje snø som det me opplever i ei ordinær våropning.

Vikafjellsvegen vart onsdag morgon opna for kolonnetrafikk. Fredag vart vegen stengd att på grunn av uvêr, melder vegvesenet.

Artikkeltags