Rusa mann braut seg inn

Blei oppdaga i baren på hotellet.

(Foto: Illustrasjon)

DEL

Natt til fredag fekk politiet melding om eit innbrot på Vadheim hotell i Høyanger.

Hotellet var kveldsstengd, og ein mann blei teken på fersken av personalet inne i baren.

Blir etterforska

Mannen ska så ha forlate hotellet, men blei kort tid etter pågripe av politiet i Vadheim sentrum. Den sikta er ein mann i slutten av 30 åra, og hadde rømt frå ein avrusingsinstitusjon. Han blei transportert til arresten i Florø, og saka blir etterforska vidare ved Høyanger lensmannskontor.

Artikkeltags