Påstand om fengselstraff

Aktor meiner bilføraren må dømmast.

Forsvarar Svein Tømmerdal og aktor Geir Larsen ved eit tidlegare høve.

Forsvarar Svein Tømmerdal og aktor Geir Larsen ved eit tidlegare høve. (Foto: Arkiv)

DEL

Aktor Bjørn Larsen la torsdag ned påstand om fengselstraff for sjåføren som var innblanda i dødsulukka i Høyangertunnelen i fjor.

NRK Sogn og Fjordane melder på sine heimesider at aktor meiner føraren bør dømmast til fengsel utan vilkår i 14 dagar, og fengsel på vilkår i 16 dagar.

Det var 22.juni i fjor at Bjørn Robert "Bønna" Nesse (44) frå Høyanger omkom i ulukka, då motorsykkelen hans kolliderte med ein personbil som var i ferd med å snu inne i tunnelen.

Aktor Bjørn Larsen la også ned påstand om at mannen taper førarretten i 9 månadar og må betale saksomkostnadane i saka, skriv NRK.

Den tiltala bilføraren sa seg ikkje skuldig då saka starta i Fjordane tingrett denne veka. Les meir om saka her.

Artikkeltags