Mindre regn enn venta

Melder framleis nedbør, men ikkje flaum.

(Foto: Arkiv)

DEL

Noregs Vassdrags og Energidirektorat (NVE) melde måndag om kraftig nedbør på store delar av Sør Noreg. No viser det seg at det truleg ikkje blir så blautt som venta.

– Vassføringa i fleire vassdrag kan auka monaleg, men er ikkje venta å nå nivået for 5-årsflaum i større vassdrag, melde direktoratet måndag.

Mindre enn venta

Tysdag melder dei at det heller ikkje vil vera snakk om nivået for 2-årsflaum.

– Nedbørsprognosen for tysdag, er dempa i forhold til gårsdagens prognose. Det ventast framleis bygenedbør over Sør-Norge. I enkelte vassdrag kan det føra til auka vassføring, men det ventast ikkje noko stad vassføring over 2-årsflaum.

Nedbøren vil bre seg frå aust mot vest. Måndag var det venta mest nedbør i austlege delar av landet, medan det tysdag var venta å trekka mot Langfjella og indre delar av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Artikkeltags