Lastebil velta

Sklei av vegen ved Leina i Flåm.

Lastebilen sklei av vegen og velta ved Leina i Flåm. (Foto: Arne Veum)

Lastebilen sklei av vegen og velta ved Leina i Flåm. (Foto: Arne Veum)

DEL

Fredag ettermiddag sklei ein lastebil av vegen og velta i Leina, ein god kilometer sør for Flåm kyrkje.

Lastebilen var lasta med murstein, og det kan sjå ut som om vegskuldera har gjeve etter, slik at bilen har sklidd ut og velta.

Rundt klokka halv sju pågjekk bergingsaksjon og vegen var stengt for køyretøy, syklistar kunne passera.

Ingen skal ha blitt skadd i uhellet, får Sogn Avis opplyst.

Artikkeltags