Kunstgraset i rute

Omlegginga til kunstgras på Fosshaugane Campus byrjar å ta form, og måndag kan truleg spelarane innvia bana med si fyrste trening på nytt dekke.

SNART KLART: Bane- og eigedomssjef, Tom Idar Teigen, fortel at arbeidet no nærmar seg slutten.

SNART KLART: Bane- og eigedomssjef, Tom Idar Teigen, fortel at arbeidet no nærmar seg slutten. (Foto: Synne Asheim Haga)

DEL

Bane- og eigedomssjef Tom Idar Teigen, seier dei trass regnet ligg høveleg etter skjema.

– Om vêret kjem seg skal det nok gå bra. No er grasmatta lagt, men det gjenstår framleis å lima skøytane, linjer og fylla på med sand og gummi. Optimalt sett krev dette arbeiedet fire dagar til, forklarar han.

Krevjande prosess

Den omfattande utskiftinga av underlag starta i slutten av mai, og skal denne veka ferdigstillast med kompetanse frå Nederland.

– Det har vore mykje arbeid på kort tid. Store delar av arbeidet må planleggast nøye, medan andre ting må ein ta som det kjem. Resultatet ser ut til å bli upåklageleg, og eg vonar det vil bli ei god og fin bane å spela på.

Les meir om kva spelarane sjølv tenkjer om det nye dekket i papirutgåva eller e-avisa

Artikkeltags