Køyrde i autovernet

To personar skadd i bilulukke.

(Foto: Jan Inge Fardal)

DEL
Ein bil køyrde i autovernet på riksveg 55, like aust for Slinde i Sogndal kommune. Politiet fekk melding om ulukka klokka 06.36 og naudetatar rykka ut til staden. Vegen blei stengd, og opna igjen klokka 07.45. Førar og passasjer, begge i 70 åra, blei køyrde til legevakt i Sogndal for vidare handsaming.

Artikkeltags