Heimekjær paviljong

Var på veg inn att mot Vikøyri.

Paviljongen på veg til Framfjorden.

Paviljongen på veg til Framfjorden.

DEL

Paviljongen som vart taua frå Vikjabukta og utover fjorden til Framfjorden vart observert på veg inn att i det litt utidige vêret seinare på dagen som slepet vart utført. Men vakne fjordingar oppdaga rømmingsforsøket tidsnok og fekk huka tak i kulturbygget.

Sogn Avis skreiv tidlegare denne veka om det 20 år gamle landemerket på Vikøyri som ikkje lenger inngår i kommunen sine planar for sjøfronten i kommunesenteret. Paviljongen som vart bygt på dugnad av Vik Musikklag i 1990, vart letta frå bakken og slept sjøvegen til Framfjorden, til den nye eigaren Framfjorden bygdeutval.

Artikkeltags