Fleire kontrollar i går

Ti bilistar bøtelagt for råkøyring torsdag.

DEL

Politiet stogga torsdag åtte køyretøy på Ljøsne i Lærdal etter at dei køyrde for fort i 60 sona. Høgaste fart blei målt til 81 km/t. 63 bilistar blei stogga på Tønjum for kontroll av rus og dokument, men ingen fekk merknader.

Seinare på kvelden skreiv politiet ut forenkla førelegg til to personar som køyrde for fort i 60 sona i Fardal på riksveg 55. Høgaste fart blei målt til 79 km/t.

Mista lappen

Klokka 05.50 fredag morgon blei ein billist stogga i Fardal, mistenkt for promillekøyring. Det blei teke blodprøve, og førarkortet blei kversett.

Artikkeltags