Dyr sykkeltur

Politiet stogga syklistar inne i verdas lengste tunnel.

(Arkivfoto)

(Arkivfoto) (Foto: illustrasjon)

DEL

To syklistar som svinga inn i Lærdalstunnelen vart stogga av UP tysdag kveld og geleida ut att same vegen dei kom.

900 kroner

Skilting ved inngangen til den 24.510 meter lange tunnelen fortel at det er forbode for syklande og gåande å ta seg inn i Lærdalstunnelen.

– Dei to frå Romania fekk forenkla forelegg på 900 kroner kvar for den farlege ferda gjennom tunnellen, samt orientert om alternative sykkelruter vidare, opplyser politiet.

Artikkeltags