Cannabis på badet

På badet var det varmt og fuktig og frodigt.

DEL

Politiet fann ni cannabisplantar på badet då dei gjennomførte husransaking hjå mannen i 20-åra busett i Aurland.

Politiet fann ni cannabisplantar på badet då dei gjennomførte husransaking hjå mannen i 20-åra busett i Aurland.

Han forklarte i retten at han hadde fått frøa av ein kamerat som sa det var hamp. Han visste ikkje at plantane var eigna for å framstille narkotika. Han tok med seg plantane då han flytta frå ei campinghytte og inn i leilegheita til kjærasten.

Litt seinare vart han gjort merksam på bilete av plantane som sirkulerte elektronisk i bygda. Tiltalte bestemte seg då for å kvitta seg med plantane, men politiet kom han i forkjøpet.

Sogn tingrett har fastsett straffa til fengsel i 14 dagar på vilkår. Han må også betala 3000 kroner i bot.

Artikkeltags