Basehoppar skadd i Flåm

Ein mann er send sjukehus etter at han fekk problem med fallskjermen etter eit hopp frå Kamben.

DEL

Det var klokka 2345 politiet fekk melding om basehoppulykka i Flåm etter eit hopp frå Kamben i Flåm. Sea King redningshelikopter, ambulanse og politi rykkte ut til staden.

Ein mann i 30 åra frå Sør-Afrika fekk problem etter basehoppet,

Skjermen "tvinna" seg då den vart utløyst og hopparen traff bakken i ca 200 høgdemeter i bratt, ulendt terreng.

Mannen som er skadd vart transportert til sjukehus på Voss.

Dei siste opplysningane fortel at mannen slapp frå ulukka med lettare skader.

Artikkeltags