Hydro-overskot fører til klekkeleg bonus

Dei tilsette ved Hydro i Årdal får ein bonus på 80 prosent av månadsløna etter det gode resultatet.

(Foto: )

DEL

– Bonusen avspeglar resultatet, seier Bjørn Øvstetun, leiar i Årdal Kjemiske fagforeining.

I går skreiv Sogn Avis at Hydro Årdal gjekk med 420 millionar kroner i overskot i 2015. Dette er eit av dei beste resultata i verket si historie.

Han reknar med at bonusen kjem til utbetaling på mars-løna.

Todelt

Bonusordninga ved Hydro er todelt og speglar både resultata ved alle dei heileigde verka og lokale kopiar. Øvstetun trur dei no har fått ei ordning som er rettvis.

– Eg var negativ til bonusordninga i starten sidan det var så mange variantar og som kunne slå heilt feil ut mellom dei ulike verka. Me kunne oppleva at folk jobba som heltar utan å få bonus fordi verksemda hadde raude tal som skuldast dårleg oksidkvalitet eller dårleg kolkvalitet, noko som går ut over drifta. Dette er tilhøve operatørane ikkje kan gjera noko med. Medan andre verk som ikkje hadde desse utfordringane kunne gå i pluss og dermed bonus til dei tilsette. No ser me verka samla.

Får att

Øvstetun seier at dersom ei bonusordning skal fungera, må dei tilsette føla at dei får att noko for den innsatsen dei gjer.

– Så lenge bonusordninga er synleg og folk føler dei kan påverka, så er dette vonleg noko som også skal føra til auka innsats. Det vil også vera ein inspirasjon til å tenkja forbetringar ved verksemda.

Han meiner dagens bonusordning skal vera greitt for folk å følgja med på.

– Me har vel tidlegare vore for lite flinke til å få ut i organisasjonen kva dette dreier seg om.

Artikkeltags