For to veker sidan skreiv syskenbarna Isak og Malin frå Gaupne dette brevet som dei sendte ned Jostedalselva. To veker seinare vart flaskeposten plukka opp i Skjolden. (Foto: Privat)

Nye rådmannen fann flaskeposten til Malin (8) og Isak (8). No får dei kinobillettar og pizza i gåve

Stig Arne Thune vart oppriktig rørt då han las brevet i flaskeposten som dukka opp i Skjolden onsdag.

Publisert 12.09.2018 kl. 19.16. Oppdatert kl. 19.28.

For to veker sidan skreiv syskenbarna Isak og Malin frå Gaupne eit søtt brev som dei putta ned i ei tomflaske og sende ned Jostedalselva ved Bruflatfeltet.


I dag, to veker seinare, vart flaska fiska opp ved Skjolden av Stig Arne Thune.


- Dette var artig, seier den påtroppande rådmannen, som var i Luster saman med tillitsvalde i dei tre kommunane som blir nye Sogndal kommune.


- Me var over 30 personar frå Balestrand, Leikanger og Sogndal. Så då programmet for dagen var over gjekk me oss ein tur. Så ser me flaskeposten. Kva er dette, seier eg til ho eine i gruppa, og spring ned for å hente flaska. 


Inne i tomflaska fann han brevet som var skrive av Malin og pynta med fine teikningar av Isak.


- Eg må seia at eg synst dette var veldig kjekt. Me vart oppriktig rørt. Dei hadde gjort flid med teikninga og det var så fin tekst. Det fekk fram det største smilet i oss alle i dag, seier Thune, som meiner at dei to unge lustringane fortener ei lita påskjøning.


- Kanskje dei hadde likt at nye Sogndal spanderte ein kinobillett og pizza på dei, ja det trur eg me gjer.


Men den komande rådmannen strekar under at sjølv om dei held møta sine i Luster og deler ut kinobillettar og pizza til dei unge, så er ikkje dette noko frieri om at Luster bør bli med på laget.


- Me respekterer kommunesamanslåinga slik den er. At Luster står utanfor har me stor respekt for. Me har samarbeid på mange nivå og ønskjer å vera ein god nabo til Luster. Difor spanderer me kinobillettar til avsendarane av flaskeposten, men samstundes er det viktig å seia at det ikkje må kastast meir plast og flasker på fjorden for miljøet si skuld, seier han og ler.


Men han er litt forundra over at flaskeposten var hamna i Skjolden.


- Eg skulle jo tru at flaskeposten for utover fjorden viss den vart sendt ned Jostedalselva. Når det har vore høg vassføring og slikt så har me sett at rekveden har gått utover. Så dette var litt merkeleg, men det var ei ære å få plukke opp flaska og bonusen er jo at me får tre kroner i pant, ler han.


Mamma til Isak, Marianne Fristad Skare, seier at sonen vart veldig stolt då han fekk vita at nokon hadde funne flaskeposten. 


- Ekstra stas vart det då det var nye rådmannen. Så dette blir samtaleemne på skulen i morgon, seier Skare og legg til 8-åringane hadde hatt om flaskepost på skulen og vart sjølv inspirerte.


- Dei er veldig kreative desse to, spesielt når dei kjem i lag. Jubelen kjem nok til å stå i taket når dei no får vita at dei får både pizza og kinobillettar også.


Les meir om: Nyhende Luster Nye Sogndal

Siste saker Gå til framsida