ENDRA OPNINGSTIDER: Opningstidene ved Finnsåstunnelen på fv. 53 blir endra frå og med idag, tysdag. (Arkivfoto)

Nye passeringstider ved Finnsåstunnelen

Frå i dag, tysdag, blir det lengre arbeidsdagar og endra opningstider på fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen.

Publisert 06.02.2018 kl. 06.19.

Lengre tid med dagslys gjer at Statens vegvesen har utvida arbeidstida ved Finnsåstunnelen på fv. 53 i Årdal med ein time i kvar ende. Det blir frå i dag, tysdag og fram til søndag 11. februar oppryddingsarbeid ved tunnelen frå klokka 08.00 og fram til kokka 17.00.

Vegen er då stengd i desse periodane: 
Frå 08:00 til 08:55
frå 09:05 til 10:35
frå 10:45 til 11:55
frå 12:30 til 13:35 
frå 13:45 til 15:55 
frå 16:00 til 16:35
og frå 16:40 til 17:00.

Utrykkingskøyretøy kan passera.


Siste saker Gå til framsida