DÅRLEG MED SØVN: Ein sjåfør vart meld etter å ha kvilt vel halvannan time i løpet av dei siste 32 timane etter ein kontroll på Håbakken onsdag kveld. (Foto: Arkiv)

Ny sjåfør meld for grove brot på køyre- og kviletid

Ein sjåfør vart meld for grove brot på køyre- og kviletidsreglande etter ein tungbilkontroll på Håbakken onsdag kveld.

Publisert 04.01.2018 kl. 07.28.

Sjåføren hadde i løpet av ein periode på 32 timer ei lengste kvile på 1,36 timar. Saka blir følgd opp frå politiet si side.


Tidlegare same dag, vart ein annan sjåfør meld for brot på køye- og kviletida.


10 køyretøy vart kontrollert onsdag kveld.  To køyretøy var overlasta, og måtte lasta om og lasta av før videre kjøring. Begge køyretøya fekk overlastgebyr.


Ein førar vart ilagt vognkortgebyr, sidan han ikkje hadde med seg dette. To sjåførar fekk gebyr fordi dei ikkje hadde med seg kjetting i bilen. Desse måtte skaffa seg kjettingar før dei fekk køyra vidare.


Ein semitrailer vart avskilta då den ikkje hadde vore inne til periodisk køyretøykontroll. Denne fekk og bruksforbud for svake bremsar. Bilen måtte lastast av, skaffa seg prøveskilt og køyrast utan last med prøveskilt til ein verkstad.


Det er også mistanke om manipulering av fartsskrivaren på eit vogntog som er stogga. Denne saka blir det jobba vidare med, opplyser Statens vegvesen.


Siste saker Gå til framsida