Hege Bakken Wahlquist er klar for samling med rekruttlandslaget i slutten av månaden. Her frå ei treningssamling i Årdalshallen i sommar. (Arkivfoto)

Ny rekruttsamling for Hege

Hege Bakken Wahlquist er med i troppen som skal spela to kampar mot Frankrike.

Publisert 13.09.2017 kl. 18.14.

 


Årdølen har fått ein kjempestart i sin nye klubb, Silkeborg-Voel. Onsdag fekk Wahlquist melding om at ho er teken ut på rekruttlandslaget som skal spela to kampar mot Frankrike.


Landslagstrenar Wenche Halvorsen Stensrud har funne plass til 15 spelarar i troppen. Samlinga finn stad i Sapsborg og kampane blir spelt fredag 29. september og laurdag 30. september.


Det er ikkje første gongen årdalsjenta spelar med flagget på brystet. Wahlquist har fleire kampar i aldersbestemte klassar. I 2015 debuterte ho på rekruttlandslaget, som er nivået før a-landslaget.


Les også: Hege er landslagsklar


Les meir om: Sport Handball Årdal