Veterinærinstituttet har varsla Mattilsynet om mistanke om eit nytt tilfelle av skrantesjuke hos ein villrein i Nordfjella. (Arkivfoto)

Ny mistanke om skrantesjuke i Nordfjella: - Me er ikkje overraska

Veterinærinstituttet har varsla Mattilsynet om mistanke om eit nytt tilfelle av skrantesjuke hos ein villrein i Nordfjella.

Publisert 11.10.2017 kl. 14.00. Oppdatert kl. 14.03.

Dyret blei felt under ordinær jakt, som sit ledd i den nasjonale aksjonen for å bli kvitt den dødelege sjukdomen.


- Me er ikkje overraska over at det no er varsla om ein ny mistanke. Me har forventa å finna fleire smitta villrein i Nordfjella, og retter ein stor takk til jegerar og andre som gjer ein enorm innsats i desse dagar, seier Kristin Ruud Alvseike, seniorrådgjevar i Mattilsynet i ei pressemelding.


Fleire tilfelle

Tidlegare i haust har det blitt funne to andre tilfelle av skrantesjuke hos villrein i same område.


Mattilsynet har vore i kontakt med jegeren som har skote villreinen. Slakteskrotten blir teken hand om av Mattilsynet og sendt til Veterinærinstituttet for vidare prøvetaking. Slakterestar som ligg att i fjellet skal også hentast ut, står det i pressemeldinga.


600 villrein er testa

I 2017 har om lag 600 villrein frå Nordfjella blitt testa for skrantesjuke, der til saman tre har vore positive. Mattilsynet oppfordrar alle som ferdast i skog og mark, og som ser sjuke eller daude hjortedyr å melde frå til Mattilsynet. 


Symptom på skrantesjuke er avmagring, pjuskete pels, hyppig urinering og unormal oppførsel, for døme dyr som ikkje skyr menneske. Dette vil vera til god hjelp for å få ein oversikt over kor utbreitt sjukdomen er i Noreg.


For å hindra utbreiing av sjukdomen er det innført ei rekkje forbod i Norge.


Skrantesjuke

Skrantesjuke (Chronic Wasting Disease (CWD)) er ein prionsjukdom hos hjortedyr. Det er ikkje påvist nokon samanheng mellom skrapesjuke hos sau, BSE hos storfe og skrantesjuke hos hjortedyr.


Sjukdomen er dødeleg for dyr, men har aldri smitta til menneske.


Les meir om: Nyhende Aurland Lærdal Dyr

Siste saker Gå til framsida