Mykje nedbør tysdag er årsaka til at NVE har sendt ut farevarsel på Vestlandet. (Arkiv)

NVE har sendt ut jordskredvarsel på Vestlandet

Mykje nedbør er årsaka til at NVE har sendt ut farevarsel på Vestlandet.

Publisert 11.09.2018 kl. 17.24.

På NVE sine nettsider ber dei folk halda seg unna bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vannføring. 


«Det er venta mykje nedbør på indre strok, lokalt opp mot 60-80 mm i løpet av komande døgn. Nedbørsmengda og nedbørens plassering er noko usikker. Skredfaren er størst der den kraftigaste nedbøren treff,» skriv NVE, som ber folk halda seg oppdatert om utviklinga av vèret og den hydrologiske situasjonen.


NVE har sendt ut jordskredvarsel på gult nivå som følgje av all nedbøren.


- Me kan venta nokre skredhendingar der det er bratte skråningar, og spesielt utsett er dei områda som har bekker og elveløp, seier geolog Lene Kristensen i jordskredvarslinga til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til NRK Sogn og Fjordane.


Les meir om: Nyhende Klima Vêr

Siste saker Gå til framsida