Fellesnemnda sitt arbeidsutval med Anne Gine Hestetun og Jenny Følling i spissen vil ut og møte kommunane i Vestland. (Arkiv)

No startar arbeidet med felles mål og strategiar for Vestland

Fellesnemnda sitt arbeidsutval vil ut og møte kommunane i Vestland.

Publisert 10.09.2018 kl. 19.50.

- God dialog med kommunar, næringsliv, lag og foreiningar er avgjerande for å kunne skape ein felles kunnskapsplattform, og å kunne sjå dei beste moglegheitene framover, seier leiar av arbeidsutvalet, Anne Gine Hestetun i ei pressemelding.


For å hente kunnskap om utviklingstrekk og status i det nye fylket inviterer fellesnemnda sitt arbeidsutval seg til møte med kommunar, nærings- og organisasjonsliv.


Måndag 10. september drøfta politikarane i arbeidsutvalet arbeidet med felles planstrategi for Vestland fylke 2020-2024. 


Ein planstrategi gir retning og mål for dei ulike andre regionale planane som skal lagast for det nye fylket.


Arbeidsutvalet gjev tilråding til fellesnemnda for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane.


Fellesnemnda skal handsama saka i møte 21. september.  


Siste saker Gå til framsida