STORMSENTER PÅ VEG: Torsdag blir det haustleg vêr over store delar av Vestlandet. FOTO: METEOROLOGISK INSTITUTT

No snur vêret - gjer deg klar for ein skikkeleg hauststorm

Frå torsdag ettermiddag og kveld er det venta svært kraftig vind frå sør.

Publisert 12.06.2018 kl. 15.06. Oppdatert kl. 09.03.

- Ein skikkeleg hauststorm, med regn og vind er på veg, seier vakthavande meterolog Martin Granerød ved vêrvarslinga på Vestlandet.


Lågtrykket som er på veg innover landet er venta å treffa vestlandskysten torsdag. Det fører med seg kraftige vindar.


Farevarsel

Farevarselet er på oransje nivå og gjeld frå kysten av Hordaland til Trøndelag. I desse områda er det venta sterk kuling utsette stader, ved Stadt og i høgfjellet full storm.


I Sogn vil også vinden merkast. 


- Det kan bli vindkast mellom 25 og 30 meter per sekund enkelte stader frå torsdag ettermiddag og kveld, seier meterologen.


Men vindstyrken vil variera.


- Det kan vera store lokale forskjellar. Nokre stader vil det vera fare for at trampoliner kan blåsa av garde, andre stader vil ein ikkje merka så mykje til vinden.


Den kraftige vinden varer ikkje lenge, ifølgje meterologen.


- Lågtrykket bevegar seg raskt og vinden vil roa seg i løpet av natt til fredag.


Finvêret er historie

Meterolog Kristin Seter legg til at det kan vera lurt å festa lause gjenstandar med hausstormen står på.


- Lågtrykket som er på veg er sopass kraftig at det tilsvarar ein hauststorm. Hadde det vore haust, så hadde det ikkje vore så uvanleg, men no er me i juni og då er dette veldig spesielt. Det blir mest vind på kysten og på fjellet, men det kan koma kraftige vindkast i låglandet og i indre strøk. Difor ropar me no varsku, seier ho.


Det er også venta ein del nedbør. Regn, seinare regnbyger og lokalt mykje nedbør.


- Me ventar at det vil koma 60 mm nedbør på 24 timar. Finvêret som me har hatt den siste månaden er historie. Det kan henda me får ein ny finvêrsperiode seinare. Men sånn det ser ut frå og med torsdag, så vil me får ein periode med lågtrykksaktivitetar, seier Seter.


NB: Det er framleis stor fare for gras-, lyng- og skogbrann i Hordaland og Sogn og Fjordane inntil det kjem nedbør av betydning. 


Les meir om: Nyhende Vêr

Siste saker Gå til framsida