NYTT: Onsdag fekk Vest politidistrikt ny felles operasjonssentral. (Pressefoto)

No har Vest politidistrikt felles operasjonssentral

Onsdag fekk Vest politidistrikt ny felles operasjonssentral som skal vera større og meir profesjonell.

Publisert 08.11.2017 kl. 15.31.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt dekkjer no Hordaland og Sogn og Fjordane.


- For politiet i Vest politidistrikt markerte driftssettinga at politidistriktet no har fått ein større og meir robust operasjonssentral, som dekkjer heile politidistriktet. Dette inneber også at politidistriktet no har ein felles rednings- og kriseleiing. Fagkompetansen er no samla og dette vil gje betre tenester til befolkninga, seier politimeister Kaare Songstad i ei pressemelding.


Held til i Bergen

Den nye operasjonssentralen i Vest politidistrikt held til i Bergen og består av dei tidlegare operasjonssentralane for Hordaland og Sogn og Fjordane.


Operasjonssentralen i Vest politidistrikt er den niande i rekkja av nye operasjonssentralar i Noreg. Vest politidistrikt dekkjer 54 kommunar, med til saman rundt 590 000 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette.


Les også: Dempa uro kring felles operasjonssentral


27 vart til 12

Dei tidlegare 27 politidistrikta er no slått saman og har blitt til 12. 


Samanslåinga av operasjonssentralane er ein del av reforma politiet no gjennomgår. 


 I pressemeldinga går det fram at lokal kunnskap er viktig og i førebuingane til driftssetting av ny operasjonssentral er dette ei av tinga som det har vore fokus på å auke kunnskap om. 


«Det viktigaste er likevel å ha god og kompetent bemanning som operere på same måte uavhengig av der det skjer. Det er den lokale patruljen med god lokal kunnskap som blir det viktigaste redskapen til operasjonssentralen».


Ingen endring for innbyggjarar

«Det blir ingen endring for innbyggjarar. Dei skal stelle seg like eins, og ringe 112 i nødstilfeller, og 02800 elles. Det dei vil merke som er annleis, er korleis politiet jobbar på staden».


«I dag gjør politiet stort sett ferdig både avhøyr og åstadsarbeid på staden, og det er sjeldnare at folk blir kalla inn til avhøyr i etterkant. Det er meint å gje ei meir effektiv straffesaksbehandling», heiter det i pressemeldinga.


Les meir om: Nyhende Politi

Siste saker Gå til framsida