RIVING: Stykkevis og delt forsvinn det gamle landemerket i Sogndal. (Foto Eli Grotle)

No har rivinga starta

Onsdag startar demonteringa av brubogen.

Publisert 05.12.2017 kl. 17.11. Oppdatert kl. 17.19.

Rivinga inn mot landkaret på Loftesnessida er gjort, vekke er også den tidlegare undergangen mot Barsnes.


Lektaren med den store kranen som skal demontera brubogen er også på plass.


Det er store dimensjonar på utstyret som skal til for ei sikker og trygg riving.


 

NYTT OG GAMALT: Den gamle Loftesnesbrui i Sogndal er snart historie. (Foto Eli Grotle)

På midten

Onsdag skal ta ned det første stykket av den gamle brubogen og dei startar på midten og jobbar seg utover til kvar side.


Planen er at den gamle brua skal vere nedmontert til jul. 


Torsdag 30.november vart det sett trafikk på nye Loftesnesbrui. 


Arbeidet med rivinga vil ikkje påverka trafikken på den nye brua.


 

PÅ PLASS: Den store kranen som skal demontere brubogen er på plass, onsdag tek dei midten først. (Ole Kristian Åset)

Les meir om: Siste Nytt Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida