STARTSKOTET: Donkeyboy sette startskotet for Vekao 2018. (Foto Sigrid Nese)

No er Vekao i gang

Donkeyboy opna Vekao 2018.

Publisert 09.03.2018 kl. 00.14. Oppdatert kl. 00.32.

I elleve dagar framover er det tett program både på dag- og kveldstid. Fleire kjende namn, både artistar og komikarar, vil entra scena på Meieriet.


- Hellbillies er heilt utseld. Til Staysman & Lazz og Lars Vaular er det berre få billettar att. På dei andre konsertane er det framleis ein del ledig, seier Vekaosjef Fredrik Øvstedal.


Her kan du sjå heile programmet: Desse kjem til Vekao

GOD STEMNING: Mange hadde funne vegen til opningskonserten. (Foto Sigrid Nese)

Mange frivillege

Det er om lag 150 frivillege i sving under Vekao.


- Dei frivillege er veldig viktige. Det hadde ikkje gått utan dei, seier Vekaosjefen.


Han håpar mange vil finna vegen til Vekao sine arrangement.


- Me har ulike aktivitetar, med stor breidde kvar dag.


Les meir om: Kultur Sogndal