OPE: Vegen mellom Årdal og Tyin vart måndag opna att. (Arkivfoto)

No er ikkje årdølene isolert lenger: Fjellovergangen open for fri ferdsel

Publisert 08.01.2018 kl. 11.14.

Fylkesveg 53 Årdal-Tyin, som vart stengd grunna uvêr søndag, vart opna att for fri ferdsel klokka 11.00 måndag føremiddag, melder Statens vegvesen på trafikkmeldingssidene sine.


Vegen vart stengd søndag, og folk i Årdal har sidan då vore isolerte då dette er det einaste omkøyringsvegen medan fylkesveg 53 mellom Årdal og Fodnes er stengd.


Fylkesveg 53 er stengd etter at det gjekk eit stort steinras ved Finnsåstunnelen torsdag sist veke. Vegen vert tidlegast opna att torsdag, har vegvesenet opplyst.


Siste saker Gå til framsida