VANN GULL: Henrik Holmberg tangerte sin personlege rekord på 2.06 meter, og tok med det gull i innandørs-NM i Bærum søndag. (Arkivfoto)

NM-gull til Holmberg i høgde

Mangekjempar Henrik Holmberg frå Vik tangerte sin personlege rekord og tok gull i innandørs-NM i Bærum søndag.

Publisert 04.02.2018 kl. 15.19. Oppdatert kl. 17.28.

Sist helg sette Holmberg årsbeste i landet i høgde med eit hopp på 2.06 meter under eit stemne i Ulsteinvik. Søndag klinka han til og tangerte sin personlege rekord, hoppet på 2.06 meter var nok til å sikra han sitt første seniorgull i NM. 


- Sidan eg hoppa sopass bra sist helg, så kom eg hit for å vinna. Det var den innstillinga eg følte eg måtte ha, seier Holmberg, som sjølvsagt var både letta og stolt etter at gullet var sikra søndag.


- Det er heilt enromt. No er eg noregs beste i innandørs høgde. Det er dritmoro, seier han.


- Det var ein heilt fantastisk konkurranse å følgja. Eg er så stolt, seier mamma Ragnhild Fjærestad som er på plass i Bærum for å følgja sonen sin frå tribuneplass.


- Me har følgd han i mange år og me veit kor mykje arbeid som ligg bak. Difor er det så utruleg kjekt at Henrik no kan skilta med NM-medalje i senior i høgde.  


Prøvde seg på ny rekord

Det var ein knallhard konkurranse, og Holmberg vart tett følgd av Fredrik Jahr frå Tyrving IL som vann sølv og Erlend Bostad Raa frå Fana IL som tok bronse.


Holmberg opna med eit hopp å 1,90 meter. Han oppjusterte fem centimeter for runde to og tre. I fjerde runde hoppa han 2.03, før han klinte til med 2.06 i femte hopp.


Då hadde han allereie sikra seg sigeren. Så i sjette og siste hopp prøvde han seg 2.09, men det gjekk ikkje. 


400 utøvarar i NM

Mangekjemparen Henrik skulle i utgangspunktet delta i fire øvingar denne helga, og han blei sett på som medaljekandidat i lengde, 60 meter hekk og høgde.


Dessverre kolliderte tidspunkta, slik at Holmberg prioriterte å satsa på høgde. Laurdag stile han også opp i kule. Her enda han på ein femteplass. 


Nesten 400 utøvarar var påmelde til innandørs-NM i Bærum. I tillegg til Holmberg deltok Joakim Henrik Urdahl frå Syril i tresteg og Lisa Måren Løseth frå Høyang i kappgang.


Dessverre for Løseth enda ho opp med å bli diskvalifisert, medan Urdahl kom på sjetteplass i tresteg-konkurransen. 


Les meir om: Sport Vik Friidrett