Måtte punga ut etter kontrollar

Publisert 16.06.2017 kl. 15.31. Oppdatert kl. 15.55.

Politiet har gjennomført fleire kontrollar fredag.


I Årdal var det fartskontroll i 80-sona ved Strendene på Fv 53. Totalt var det skrive ut seks forenkla førelegg. Høgste fart var målt til 112 km/t.


I Lærdal hadde politiet trafikkontroll i sentrum og det vart skrive ut seks gebyrar for manglande bilbelte.


I Kaupanger var det vore promillekontroll. Totalt vart 58 kontrollerte, men alle blåste grønt. Ein fekk gebyr for å ha gløymt førarkort.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida