Måtte punga ut etter kontroll

Publisert 02.01.2018 kl. 15.38.

Ein norsk vogntogsjåfør fekk 4.250 kroner i overlastgebyr etter at Statens vegvesen gjennomførte ein kontroll på Håbakken i Lærdal tysdag.


Sjåføren måtte lasta om før vidare køyring. Køyretøyet fekk også påvist teknisk mangel på grunn av feil på ABS-bremser på tilhengar, men fekk køyra vidare til næraste verkstad.


Totalt var det sju tunge køyretøy med skriftlege manglar og åtte køyretøy som fekk bruksforbod etter kontrollen.


Mellom anna ein polsk vogntogsjåfør som fekk gebyr på grunn av for lite kjetting på vogntoget, medan ein latvisk sjåfør fekk køyreforbod på grunn av stor luftlekkasje på bremsesystemet. Det førte til at lasta hadde forskyvd seg over på sida. Køyretøyet mangla også retningslys på den eine sida, samt at hovudlyset var slått skeivt etter at vogntoget hadde køyrd i grøfta tidlegare på si ferd. 


Elles fekk ein norsk lastebilsjåfør bruksforbod grunn manglar under køyringshinder. Lastebilen var lasta med ein container som stakk langt ut bak. 


Under ein kontroll av bremser på eit polsk vogntog kom det fram at bremseskiver var rusta og bremseklossar var utslitte. Vogntoget mangla også EBS-systemet for bremser. Vogntoget måtte difor køyra direkte til næraste verkstad.


Les meir om: Nyhende Notis