Måtte fjerna flagg og vimplar frå frontruta

Publisert 27.02.2018 kl. 15.40.

Til saman 16 tunge køyretøy vart kontrollerte under ein kontroll Statens vegvesen hadde på Håbakken i Lærdal tysdag. I tillegg passerte 78 køyretøy for beltekontroll. 


Kontrollen gav eit rumensk vogntog køyreforbod på grunn av vimplar og flagg som dekka delar av sikta ut av frontruta. Desse måtte fjernast før vidare køyring.


Eit polsk vogntog hadde teknisk mangel på grunn av slark i kopling mellom trekkbil og semitrailer. Eit anna polsk vogntog hadde dekk på framaksling som var under minimum mønsterdjubde. Førar fekk trafikkgebyr for dette, og pålegg om å skifte ut dekk. Same førar hadde eit bord som dekka delar av sikta ut av frontruta. Dette måtte fjernast før vidare køyring. 


Eit norsk vogntog fekk køyra til næraste verkstad for å få kalibrert fartsskrivaren i trekkvogna, og ein annan norsk vogntogsjåfør fekk 2.500 kroner i overlastgebyr. Same sjåfør fekk 8000 kroner i trafikkgebyr for manglande bombrikke og 500 kroner i trafikkgebyr for ikkje å ha naudsynte vognkort med seg under køyringa.


Eit latvisk vogntog fekk overlastgebyr på 3800 kroner.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida