Illustrasjonsfoto.

Måtte betala 9.200 kroner for overlast

Innhaldet både på lasteplanet og i lommeboka til eigaren vart krympa, då eit vogntog vart stogga i kontroll på Håbakken søndag.

Publisert 05.02.2018 kl. 06.06.

Eitt av dei åtte vogntoga som vart kontrollerte på Statens vegvesen sin kontrollstasjon på Håbakken søndag kveld synte seg å ha for tungt lass. Dette resulterte i at sjåføren måtte lossa deler av lasset, før han fekk køyra vidare.


Bileigaren må i tillegg ut med eit overlastgebyr på 9.200 kroner til staten.


Ei avskilting

Ein semitrailer som vart vinka inn på Håbakken, var frå før kravd avskilta fordi tekniske manglar på bilen ikkje var utbetra. Skilta vart skrudde av køyretøyet søndag.


Eit av vogntoga som vart kontrollert køyrde med forelda løyvedokument for godstranspprt. Før dette vogntoget fekk køyra vidare, måtte sjåføren skaffa eit gyldig løyvedokument,


Eit anna vogntog fekk bruksforbod for 2 punkterte dekk. Dekka måtte ordnast før vidare køyring. Eit vogntog fekk bruksforbod for manglande sikring av lasset.


To av dei åtte køyretøya som vart kontrollerte hadde tekniske mangler på bremser. Til saman var 59 tunge køyretøy innom kontrollområdet på Håbakken mellom klokka 15.00 og 22.30 søndag.


Siste saker Gå til framsida